Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med Borgland Dolphin - brønn 34/7-36S

Det norske oljeselskap ASA (Det norske) har fått samtykke til leiteboring med den flyttbare boreinnretninga Borgland Dolphin i utvinningsløyve 553 i Nordsjøen.


Brønn 34/7-36S ligg nord i Tampenområdet nord i Nordsjøen. Frå borelokasjonen er det åtte kilometer til Visundfeltet og 13 kilometer til Snorre A-innretninga. Avstand til næraste fastland er 146 kilometer (Florø).

Innretninga si planlagde posisjon under boringa:

  • 61° 21' 46.02" Nord
  • 02° 18' 20.84" Øst

Havdjupet på staden er 303,5 meter.

Brønnen skal undersøka eit prospekt kalla «Kvitvola». Planlagd oppstart for boreoperasjonen er august 2014. Boreoperasjonen er venta å vare i 51 dagar om brønnen er tørr, og 62 dagar om brønnen viser seg å væra hydrokarbonførande.

Borgland Dolphin er ein halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.
Den er bygd ved Harland & Wolff i Belfast, Nord-Irland i 1977 og gjennomgjekk omfattande oppgradering i 1999.

Innretninga er eigd av Borgland Dolphin Pte Ltd og er operert av Dolphin Drilling A/S. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) i september 2004.

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77