Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring med Borgland Dolphin

Tullow Oil Norge AS har fått samtykke til leiteboring med den flyttbare boreinnretninga Borgland Dolphin for boring av brønn 31/10-1 som høyrer til utvinningsløyve 507.


Brønnen ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, cirka 110 km vest for Sotra og 36 km sør for Oseberg Sør. Vassdjupna på staden er cirka 121 meter.

Posisjon ved boring er:

  • 60° 05' 10.414" N
  • 03° 00' 04.012" A

Boringa er planlagd starta mai/juni 2014 med ei varigheit på cirka 39 dagar, avhengig av funn.

Borgland Dolphin er ein halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.
Den er bygd ved Harland & Wolff i Belfast, Nord-Irland i 1977 og gjennomgjekk omfattande oppgradering i 1999.I

nnretninga er eigd av Borgland Dolphin Pte Ltd og er operert av Dolphin Drilling A/S. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) i september 2004.
 

Journal 2013/1582

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77