Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring for Tullow Oil Norge AS

Tullow Oil Norge AS (TONAS) har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 16/5.


TONAS er operatør i utvinningsløyve 776 i Nordsjøen. Brønnen skal borast i eit prospekt kalt Rome og har nemninga 16/5-6. Lokasjonen er om lag 37 kilometer søraust for Edvard Grieg-feltet og har dei geografiske koordinatane:

  • A 02o 31' 45,50"
  • N 58o 32' 40,45"

Boringa vil tidlegast starte i juni, og er rekna å vare i 30 dagar, avhengig av funn.

Boringa skal gjennomførast med Borgland Dolphin, som er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3. Innretninga er eid av Fred. Olsen Energy ASA og operert av Dolphin Drilling AS. Ho ble bygd som flotell i 1977 og ombygd/oppgradert til boreinnretning i 1999.

Borgland Dolphin fekk samsvarsuttalelse (SUT) frå Ptil i september 2004.

Ptil har no gitt TONAS samtykke til leiteboring. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77