Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring for Engie E&P Norge

Engie har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 36/7.


Engie E&P Norge (Engie) er operatør for utvinningsløyve 636 i Nordsjøen. Leitebrønnen som skal borast er den første i dette utvinningsløyvet. Den skal borast i eit prosjekt kalt Cara og har nemninga 36/7-4. Lokasjonen er i nordleg del av Nordsjøen, vest av Florø og seks kilometer nordaust for Gjøafeltet.

Dei geografiske koordinatane er

  • 04o 04' 08,06" Aust
  • 61o 24' 59,72" Nord

Havdjupna på staden er 348 meter. 

Boringa vil tidlegast starte i midten av juni, og er rekna å vare i inntil 66 dagar.

Boringa skal gjennomførast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning operert av Transocean Offshore (North Sea) Ltd NUF. Ho blei bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987 og blei betydeleg oppgradert i 2004.

Transocean Arctic fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2004.

Ptil har gitt Engie samtykke til leiteboringa.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77