Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring for Det norske oljeselskap

Det norske oljeselskap (Det norske) har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 25/10.


Det norske er operatør for utvinningsløyve 626 i Nordsjøen. Brønnen skal borast i eit prospekt kalla Rovarkula og har nemninga 25/10-15 S.

Boringa vil starte i juli og er rekna å vare i 25 dagar, avhengig av funn.

Boringa skal gjennomførast med Maersk Interceptor, som er ein oppjekkbar boreinnretning, levert frå Keppel Shipyard i Singapore i 2014. Innretninga er eid av Maersk AS og operert av Maersk Drilling Norge AS.

Maersk Interceptor fekk samsvarsuttalelse (SUT) frå Ptil i desember 2014.

Ptil har no gitt Det norske samtykke til leiteboring.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12