Gå til hovedinnhold

Samtykke til intervensjonsarbeid med Island Frontier og Island Wellserver

Wintershall Norge AS har fått samtykke til bruk av dei flyttbare boreinnretningane Island Frontier og Island Wellserver til intervensjonsarbeid i brønnane på Vegafeltet.


Vega ligg rett nord for Framfeltet i den nordlege delen av Nordsjøen. Havdjupet er 370 meter. Feltet omfattar tre separate gass- og kondensatførekomstar; 35/8-1, 35/8-2 Vega og 35/11-2 Vega Sør. Ein samla PUD for Vega og Vega Sør blei godkjend av styresmaktene i juni 2007. Feltet blir bygd ut med tre havbotnrammar som er knytte til prosessinnretninga på Gjøafeltet.

Ptil har no gitt Wintershall Norge AS samtykke til bruk av innretningane på Vegafeltet.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12