Gå til hovedinnhold

Samtykke til forlenga levetid på Tune

Statoil har fått samtykke til bruk av anlegg på Tunefeltet fram til 2020.


Tune er eit gasskondensatfelt som ligg om lag ti kilometer vest for Oseberg i den nordlege delen av Nordsjøen. Statoil er operatør for feltet. Tune er bygd ut med ei undervassløysing som er knytt til Oseberg feltsenter. Produksjonen starta i 2002. Seinare vart Tune Sør bygd ut med ein undervassbrønn og knytt til brønnramma på hovudfeltet.

Det har vist seg at det er grunnlag for å fortsetje drifta av feltet fram til om lag 2020. Stigerøyr og røyrleidningar hadde ei opphaveleg levetid på 12 år. Statoil har derfor søkt om samtykke til bruk av undervassanlegg, røyrleidningar og kontrollkablar på Tune og Tune Sør fram til 14.11.2020.

Ptil har no gitt samtykke slik Statoil søkte om.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77