Gå til hovedinnhold

Samtykke til forlenga levetid av Oseberg Øst

Equinor (tidlegare Statoil) har fått samtykke til forlenga levetid av innretninga Oseberg Øst med tilhøyrande røyrleidningar til Oseberg A.


Equinor (tidlegare Statoil) er operatør på Oseberg Øst, som er eit oljefelt i blokk 30/6 i den austlege delen av norsk sokkel.

Feltet vart oppdaga i 1981 og produksjonen starta i 1999.

Equinor har søkt om samtykke til forlenga levetid fram til 2031.

Samtykke til forlenga levetid føreset at operatøren har forvissa seg om at innretningar, røyrleidningar og utstyr er i slik tilstand at dei heile tida kan opererast sikkert og i samsvar med krava i regelverket.

Vi finn at Equinor har gjennomført de naudsynte vurderingar og undersøkingar for å forvisse seg om dette.

Vi har nå gitt Equinor samtykke slik det vart søkt om.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12