Gå til hovedinnhold

Samtykke til forlenga levetid av Eldfisk

ConocoPhillips har fått samtykke til forlenga levetid av innretningar og røyrleidningar på Eldfiskfeltet.


ConocoPhillips er operatør på Eldfisk, som er eit oljefelt i blokk 2/7 i den sørlege delen av norsk sokkel. Feltet vart oppdaga i 1970 og produksjonen starta i 1979. 

Den første utbygginga var med tre innretningar med stålunderstell, Eldfisk 2/7-A, 2/7-B og 2/7-FTP. Det er seinare bygd ytterlegare to innretningar på feltet.

ConocoPhillips har søkt om samtykke til forlenga levetid for dei tre første innretningane med tilhøyrande undervassrøyrleidningar, fram til utgangen av 2028. Dette er i samsvar med operatøren sine planar for vidare utvikling av feltet og godkjent plan for utbygging og drift (PUD).

Samtykke til forlenga levetid føreset at operatøren har forvissa seg om at innretningar, røyrleidningar og utstyr er i slik tilstand at dei heile tida kan opererast sikkert og i samsvar med krava i regelverket.

Ptil finn at ConocoPhillips har gjennomført de naudsynte vurderingar og undersøkingar for å forvisse seg om dette. I tillegg har Ptil gjennomført tilsynsaktivitetar særskilt knytt til samtykkesøknaden.

Ptil har nå gitt ConocoPhillips samtykke slik det vart søkt om.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77