Gå til hovedinnhold

Samtykke til forlenga drift - Norne FPSO

Vi har gitt Equinor samtykke til å forlenga drifta av Norne FPSO og tilknytta innretningar fram til utgangen av 2036.


Equinor er operatør for Nornefeltet, som ligg i utvinningsløyve 128 i Norskehavet, omkring 300 kilometer vest for Sandnessjøen og 200 kilometer frå Helgelandskysten.

Norne er bygt ut med eit produksjons- og lagerskip (Norne FPSO) som er kopla til fleire brønnrammer. Produksjonen starta i 1997. Felta Alve, Urd, Skuld og Marulk er kopla opp mot Norne FPSO.

Vi har no gitt Equinor samtykke til å forlenga drifta av Norne FPSO og tilknytta innretningar fram til 31. desember 2036.

Søknaden omfattar desse aktivitetane:

  • Drift av Norne FPSO
  • Drift av tilknyttede innretninger for Norne, Urd, Skuld
  • Brønnoperasjoner
  • Vedlikehold
  • Modifikasjoner/prosjekter

Samtykket er gitt blant anna på bakgrunn av Equinor sin dokumentasjon av vurderingar som konkluderer med at innretninga kan drivast vidare sikkerheitsmessig forsvarleg i samsvar med krav i regelverket. 

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77