Gå til hovedinnhold

Samtykke til forlenga drift av Gullfaks C

Equinor har fått samtykke til å forlenge levetida til Gullfaks C-innretninga og tilhøyrande røyrleidningar.


Equinor er operatør for Gullfaksfeltet, som ligg i blokk 34/10 i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen. Gullfaks er bygt ut med tre integrerte prosess-, bore- og bustadinnretninger med betongunderstell og ståldekk (Gullfaks A, B og C).

Equinor har søkt om samtykke til forlenga levetid fram til 30. juni 2036.

Samtykke til forlenga levetid føreset at operatøren har forvissa seg om at innretningar, røyrleidningar og utstyr er i slik tilstand at dei heile tida kan opererast sikkert og i samsvar med krava i regelverket.

Vi finn at Equinor har gjennomført dei naudsynte vurderingar og undersøkingar for å forvisse seg om dette.

Vi har nå gitt Equinor samtykke slik det vart søkt om.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77