Gå til hovedinnhold

Samtykke til førebuing og oppstart av fjerning - Ekofisk

ConocoPhillips har fått samtykke til førebuing og oppstart av fjerning av mindre delar av innretningar på Ekofiskfeltet, inkludert installasjon av ei mellombels kran på Ekofisk 2/4 FTP.


ConocoPhillips har søkt Ptil om samtykke til disponering av innretningane Ekofisk 2/4 H, Ekofisk 2/4 A, Ekofisk 2/4 FTP og Ekofisk 2/4 Q.

Vi har no gitt selskapet samtykke til delar av arbeidet. Samtykket omfattar oppstart av førebuande arbeid offshore og oppstart av fjerning av mindre delar, samt installering av ei mellombels kran på Ekofisk 2/4-FTP.

Vi held fram med handsaming av den resterande delen av ConocoPhillips sin samtykkesøknad.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77