Gå til hovedinnhold

Samtykke til førebuande arbeid for å fjerne Yme MOPU

Talisman har fått samtykke til førebuande arbeid til å fjerne Yme MOPU.


Ymefeltet ligg i den søraustlege delen av Nordsjøen på 77-93 meter havdjup. Feltet blei første gong bygd ut i 1995, innanfor utvinningsløyve 114, med Statoil som operatør. Produksjonsperioden var frå 1996 til 2001.

I 2006 vedtok nye rettshavarar i utvinningsløyve 316/316B, med Talisman som operatør, å utvinne attverande ressursar med ei ny MOPU (Mobile Offshore Production Unit). Innretninga er plassert på ein lagertank for olje på havbotnen.

Etter å ha oppdaga alvorlige skadar på konstruksjonen, vedtok Talisman sommaren 2012 å avmanna Yme-innretninga. Rettshavarane har sidan bestemt at Yme-innretninga skal fjernast frå feltet. Ifølge Talisman skal Yme etter planen fjernast sommaren 2015.

Ptil har no gitt Talisman samtykke til førebuande arbeid for å fjerne Yme slik selskapet har søkt om.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77