Gå til hovedinnhold

Samtykke til fjerning og disponering av B-11

Gassco har fått samtykke til fjerning og disponering av B-11-innretninga.


B-11 er ei innretning som er plassert på den tyske kontinentalsokkelen. Ho var ein del av Norpipe-røyrleidninga frå Ekofiskfeltet til Emden i Tyskland, fram til røyrleidninga vart ført utanom innretninga sommaren 2013. 

B-11 var opphaveleg operert av ConocoPhillips fram til operatørskapet vart overført til Gassco i 2003. ConocoPhillips er no teknisk tenesteytar (TSP) til Gassco for denne innretninga.  

I medhald av ein avtale frå 1974 mellom regjeringane i Norge og Tyskland om dette rørleidningssystemet, er innretninga B-11 under norsk jurisdiksjon. Dette hindrar ikkje at tysk lov kan gjerast gjeldande. 

Sidan innretninga ikkje lenger er i bruk, ynskjer Gassco å fjerne ho. Fjerninga er planlagd å starte i februar 2015 og vere avslutta innan 2016.

Ptil har no gitt Gassco samtykke til fjerning og disponering av innretninga. Tyske styremakter må òg gi samtykke til aktivitetane.

B-11-innretninga. (Foto: Gassco)

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77