Gå til hovedinnhold

Samtykke til fjerning av Yme MOPU

Repsol Norge As (tidlegare Talisman) fekk 19. august 2016 samtykke til fjerning av Yme MOPU.


Ymefeltet ligg i den søraustlege delen av Nordsjøen på 77-93 meter havdjup. Feltet blei første gong bygd ut i 1995, innanfor utvinningsløyve 114, med Statoil som operatør. Produksjonsperioden var frå 1996 til 2001.

I 2006 vedtok nye rettshavarar i utvinningsløyve 316/316B, med Talisman som operatør, å utvinne attverande ressursar med ei ny MOPU (Mobile Offshore Production Unit). Innretninga er plassert på ein lagertank for olje på havbotnen.

Etter å ha oppdaga alvorlege strukturelle manglar, vedtok Talisman sommaren 2012 å avmanna Yme-innretninga. Rettshavarane bestemte at Yme-innretninga skulle fjernast frå feltet. I september 2014 fekk Talisman samtykke til førebuande arbeid for å fjerne Yme MOPU

Ptil har no gitt Repsol samtykke til å fjerne Yme MOPU slik selskapet har søkt om.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77