Gå til hovedinnhold

Samtykke til fjerning av innretningar på Jettefeltet

Aker BP har fått samtykke til fjerning av innretningane på Jettefeltet.


Jettefeltet ligg i den sentrale delen av Nordsjøen, om lag seks kilometer sør for Jotunfeltet. Havdjupna er 127 meter. Jette blei påvist i 2009, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2012. Feltet blei bygd ut med ei bunnramme med to produksjonsbrønnar knytt til Jotun A-innretninga.

Produksjonen blei avslutta i desember 2016.

Arbeidet med å fjerne innretningar på Jettefeltet er planlagt å starte sommaren 2018 og vil fortsette i 2019 og 2020, etter at brønnane er permanent plugga.

Vi har gitt Aker BP samtykke til fjerning slik selskapet har søkt om.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12