Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av West Epsilon for permanent tilbakeplugging

Statoil har fått samtykke til bruk av West Epsilon for permanent tilbakeplugging av brønnar på Huldra 30/2-A, i utvinningsløyve 051.


Statoil har sett av inntil 215 dagar til aktiviteten, som vil starte andre kvartal 2016. Havdjupna på staden er 125 meter.

Ptil har gitt Statoil samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga West Epsilon til desse aktivitetane. West Epsilon vert operert av North Atlantic Drilling som tidlegare heitte Seadrill Offshore AS.

Petroleumstilsynet har gitt samsvarsfråsegn (SUT) for West Epsilon 14. februar 2003.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12