Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av West Elara på Valemon

Statoil har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga West Elara til boring og komplettering på Valemonfeltet.


Valemon er eit gass- og kondensatfelt i den nordlige delen av Nordsjøen, like vest for Kvitebjørn. Feltet er bygt ut med ei fast produksjonsplattform. Produksjonen starta i 2015.

Vi har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare innretninga West Elara til boring og komplettering av produksjonsbrønnane 34/11-B-6 og 34/11-B-16 på Valemonfeltet.

Planlagd borestart er september/oktober 2017.

Boreoperasjonane er venta å vare i 160 dagar.

West Elara er ei oppjekkbar boreinnretning levert frå Jurong Shipyard Pte Ltd i Singapore i 2011. Innretning fekk samsvarsuttalelse (SUT) frå Ptil i 2011.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77