Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av West Elara på Ekofisk

ConocoPhillips har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga West Elara til boring og komplettering av vanninjeksjonsbrønnar på Ekofisk 2/4 VC.


Planlagd borestart er tidlegast fjerde kvartal 2017.

Boreoperasjonene er venta å vare i eit år.

West Elara er ei oppjekkbar boreinnretning levert frå Jurong Shipyard Pte Ltd i Singapore i 2011. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2011.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12