Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av undervassanlegg

Statoil Petroleum as har fått samtykke til bruk av Sigyn undervassanlegg.


Sigynfeltet ligg i utvinningsløyve 072, der Statoil Petroleum as er operatør. Feltet inneheld gass, kondensat og lettolje. Produksjonen på feltet starta i 2002.

Sigyn er bygt ut med ei undervass brønnramme. Brønnstrømmen vert ført til Sleipner A-innretninga 12 kilometer nordvest for brønnramma. Feltet ligg 222 kilometer vest for Stavanger og havdjupna i området er 70 meter.

Vi har no gitt samtykke til bruk av Sigyn undervassanlegg i samsvar med Statoil sin søknad. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77