Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Transocean Winner på Alvheim og Bøyla

Ptil har gitt Det norske oljeselskap ASA (Det norske) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Transocean Winner for produksjonsboring på Alvheim og Bøyla i Nordsjøen.


Bakgrunnen for samtykket er at Det norske har kjøpt Marathon Oil Norge AS (Marathon) og selskapet sine eigedelar i utvinningsløyve på norsk sokkel. Marathon sine operatørskap på felta Alvheim, Vilje, Volund og Bøyla blir no overført til Det norske.

Se også: Samtykke til bruk av innretningar i Alvheim-området

Dato for overføring av operatørskapa er satt til 15. oktober 2014.

Samtykket omfattar produksjonsboring og komplettering av 25/4-L-4H på Alvheimfeltet og 24/9-M-1 H, 24/9-M-1 AH, 24/9-M-2 H, 24/9-M-2 AH, 24/9-M-3 H og 24/9-M-3 AH på Bøyla.

Marathon har tidlegare fått samtykke til bruk av Transocean Winner for boring og komplettering av desse brønnane/brønnbanane, men endring av operatør inneber at den nye operatøren må søka om nytt samtykke. Det er fordi eit samtykke er eit uttrykk for Ptil sin lit til at operatørselskapet kan stå for drifta på ein forsvarleg måte og i samsvar med krava i regelverket. Samtykket er først og fremst basert på vår vurdering av relevante delar av selskapet sitt styringssystem.

Transocean Winner er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av GVA-4000 design, bygt i 1983 ved Götaverken Arendal (GVA) i Gøteborg i Sverige.

Innretninga er eigd av Transocean Offshore, og vert operert av Transocean Offshore (North Sea) Ltd, med hovudkontor i Stavanger.

Transocean Winner fekk samsvarsfråsegn (SUT) i august 2006.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77