Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Transocean Spitsbergen for boring av leitebrønn 7125 4-3

Statoil Petroleum AS (Statoil) har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Transocean Spitsbergen for boring av leitebrønn 7125/4-3 i utvinningsløyve 393B.


Samtykket omfattar boring av brønn 7125/4-3 i utvinningsløyve 393B i Barentshavet, kor Statoil er operatør.

Målet med brønnen er å undersøka eit prospekt kalla «Ensis». Boringa av Ensis er planlagd igangsatt så snart innretninga har avslutta brønnoperasjonen på 7324/9-1 («Mercury»).

Tidlegaste borestart er ultimo august 2014. Operasjonen på Ensis har ein estimert varighet på 30 dagar.

Den planlagde posisjonen til innretninga:

  • 71° 30' 56,4" Nord
  • 25° 12' 56,7" Øst

Vassdjupet på staden er 294 meter.

Lokasjonen ligger cirka 42 kilometer fra nærmeste land; Knivskjellodden i Nordkapp kommune i Finnmark.

Transocean Spitsbergen er ein halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-6e. Den er bygd ved Aker Stord, er registrert på Marshalløyene og har klasse i DnV. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i oktober 2012. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77