Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Transocean Leader på Svalin

Bruk av Transocean leader til plugging av brønn på Svalinfeltet.


Statoil er operatør på Svalinfeltet, som ligg i blokk 25/11 i den midtre delen av Nordsjøen. Feltet er bygd ut med standardiserte løysingar for undervassproduksjon. Plan for utbygging og drift (PUD) vart godkjend av Olje- og energidepartementet i november 2012, og produksjonen starta allereie i juni 2014.

Svalinfeltet ligg om lag åtte kilometer sørvest for Granefeltet. Havdjupna i området er om lag 120 meter. Brønnstraumen frå feltet vert prosessert på Graneinnretninga.

Statoil har no fått samtykke til å bruka den flyttbare boreinnretninga Transocean Leader til å plugga leitebrønn 25/11-16 permanent. Brønnen er for tida førebels plugga.

Transocean Leader er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning levert i 1987 frå Hyundai Heavy Industries i Korea. Innretninga vert operert av Transocean og fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2004.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77