Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Transocean Leader for permanent tilbakeplugging av brønn på Njord

Statoil har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Transocean Leader til permanent tilbakeplugging av brønn 6407/7-3 på Njordfeltet.


Njord er eit oljefelt som ligg i Norskehavet om lag 30 kilometer vest for Draugen, på om lag 330 meter vassdjup. Njord er bygd ut med ei halvt nedsenkbar bore-, bustad- og produksjonsinnretning i stål.

Forventa oppstart av operasjonen er juli 2014, med ei varigheit på cirka 30 døgn.

Transocean Leader er ein halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-4.2, bygd i 1987 ved Hyundai i Sør-Korea og bygd om i 1997. Den er registrert på Marshalløyene og har klasse i DnV. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2004.

 

Journal 2013/1372

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064