Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Transocean Equinox på Visund

Vi har gitt Equinor Energy (Equinor) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Transocean Equinox på Visundfeltet.


Samtykket omfattar brønnoverhaling i brønn 34/8-D-2 HT2 på Visundfeltet i Nordsjøen.

Arbeidet skal etter planen starte i byrjinga av april 2019, og er venta å ta 32 dagar.

Transocean Equinox er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT-D-typen, eigd og driven av Transocean. Innretninga heit før Songa Equinox, og fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i 2015.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77