Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Transocean Barents på Draugenfeltet

Ptil har gitt AS Norske Shell (Shell) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Transocean Barents for plugging og forlating av produksjonsbrønn 6407/9-A-55 på Draugenfeltet.


Draugen er eit oljefelt som ligg i Norskehavet, på 250 meter havdjup. Feltet er bygd ut med ei botnfast betonginnretning med integrert dekk. Stabilisert olje blir lagra i tankar i botnen av innretninga.

Transocean Barents er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-6e. Ho vart bygd ved Aker Kværner Stord i 2009 og er eigd og operert av Transocean. Innretninga er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL.

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064