Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Transocean Barents på Draugenfeltet

A/S Norske Shell har fått samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Transocean Barents til å bore ein produksjonsbrønn på Draugenfeltet.


Draugen er eit oljefelt som ligg i Norskehavet, om lag 150 km nord for Kristiansund. A/S Norske Shell (Shell) er operatør for feltet. Produksjonen på feltet vart starta i oktober 1993. Feltet er bygt ut med ei botnfast betonginnretning med integrert dekk. Førekomstar i nærleiken vert produserte med havbotnbrønnar knytte til Draugeninnretninga.

Shell har søkt om samtykke til å bore ein ny produksjonsbrønn med nemninga 6407/9-G-5 H.

Brønnen er ein frittståande undervassbrønn med dei geografiske koordinatane:

  • 64o 15' 55,58" N
  • 07o 43' 42,75" A

Havdjupna på staden er 289 meter.

Brønnen skal knyttast til eit undervass røyrleidningssystem som fører fram til Draugeninnretninga. Fram til dette systemet er ferdig vil brønnen vere avstengd og under overvaking.

Shell har no fått samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Transoceoan Barents til boringa, som er planlagd å starte 30. mai 2015 og vare i 45 dagar.'

Transocean Barents er ei halvt nedseinkbar boreinnretning av typen Aker H-6e. Ho vart bygd ved Aker Kværner Stord i 2009 og er eigd og operert av Transocean. Innretninga er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL. Transocean Barents fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i oktober 2012.

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064