Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Transocean Barents

A/S Norske Shell har fått Petroleumstilsynet (Ptil) sitt samtykke til bruk av Transocean Barents til boring av avgrensingsbrønn 6305/8-2 på Ormen Lange.


Ormen Lange er eit gassfelt som ligg i Mørebassenget i den sørlege delen av Norskehavet. Havdjupet i området varierer frå 800 meter til meir enn 1100 meter. Det store havdjupet og botntilhøva har gjort utbygginga svært utfordrande og ført til utvikling av ny teknologi.

Boringa er planlagd starta i august 2014.

Transocean Barents (tidlegare Aker Barents) er ein 6. generasjons halvt nedsenkbar boreinnretning av typen H-6e. Innretninga blei bygd ved verftet Aker Stord i Noreg og stod ferdig i 2009.

Transocean Barents er eigd og vert operert av Transocean Norway, med hovudkontor i Stavanger.

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064