Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Stena Don på Framfeltet

Ptil har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Stena Don for boring og komplettering av brønn 35/11-B-22 og B-13.


Stena Don vert operert av Stena Drilling, og er ei Sonat-/Hitachidesignet, halvt nedsenkbar boreinnretning, bygd i 2001. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) mars 2002.

Fram er eit oljefelt som ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, 20 kilometer nord for Troll. Havdjupet i området er om lag 350 meter.

Petroleumstilsynet har no gitt samtykke til bruk av Stena Don på Framfeltet i samsvar med Statoil sin søknad.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12