Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Trym på Osebergfeltet

Statoil har fått samtykke til bruk av Songa Trym til permanent plugging av brønn på Osebergfeltet.


Statoil er operatør på Osebergfeltet, som ligg i blokk 30/6 og 30/9 i den nordlege delen av Nordsjøen.

Brønn 30/6-B-51 AH er ein undervassbrønn som er knytt til Oseberg A-innretninga. Brønnen vart bora i 1996, men har ikkje produsert sidan 2007. Det har vore vanskar med integriteten til brønnen, slik at Statoil har vedteke å plugge brønnen permament.

Ptil har no gitt Statoil samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Songa Trym til å plugge brønnen.

Statoil har sett av inntil 45 dagar til aktiviteten, som vil ta starte i siste del av oktober. Havdjupna på staden er om lag 105 meter.

Songa Trym er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-3, bygd ved Aker Verdal i 1976. Det vart gjort store utbetringar på innretninga i 2012. Songa Trym vert operert av Songa Management AS i Stavanger. Den er registrert i norsk skipsregister og klassifisert hos DVN GL.

I høve av eigarskifte fekk Songa Trym ny samsvarsfråsegn frå Ptil i februar 2013.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77