Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Trym for permanent tilbakeplugging

Statoil as har fått samtykke til bruk av Songa Trym til permanent tilbakeplugging av brønnane Statfjord Øst 33/9-M-1 AH, Statfjord Øst 33/9-K-2H, Tordis 34/7-R-1 H, Sleipner Øst 15/9-D-1 H og Sleipner Øst 15/9-D-3 H.


Statoil har sett av inntil 150 dagar til aktiviteten, som vil ta starte i midten av november 2014. Havdjupna på staden er frå 84 til 195 meter.

Songa Trym er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-3, bygd ved Aker Verdal i 1976. Det vart gjort store utbetringar på innretninga i 2012. Songa Trym vert operert av Songa Management AS i Stavanger. Den er registrert i norsk skipsregister og klassifisert hos DVN GL.

I høve av eigarskifte fekk Songa Trym ny samsvarsfråsegn frå Ptil i februar 2013.

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064