Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Trym

Statoil Petroleum as har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Trym til boring av brønn 35/11-A-31 på feltet Fram H-Nord i utvinningsløyve 090.


Forventa oppstart er juni 2014 med ei varigheit på cirka 40 døgn.

Vassdjupna på staden er cirka 361 meter.

Songa Trym er ei flyttbar innretning bygd i Noreg hos Aker Værdal og stod ferdig i 1976. Innretninga er eigd av Songa Offshore ASA og er operert av Songa Management. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) i februar 2013.
 

Journal 2014/449

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064