Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Equinox på Trollfeltet

Ptil har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Equinox for boring og komplettering av brønnar på Trollfeltet i utvinningsløyve 054 og 085.


Songa Equinox er ei halvt nedsenkbar boreinnretning og den fyrste av fire CAT D-riggar som Songa bygger for Statoil.

Songa Equinox fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i november 2015.

Trollfeltet ligg om lag 65 kilometer vest for Kollsnes i Hordaland og er det største gassfunnet som er gjort i Nordsjøen.

Petroleumstilsynet har no gitt samtykke til bruk av Songa Equinox på Trollfeltet i samsvar med Statoil sin søknad.

 

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12