Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Equinox på Troll

Ptil har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Equinox for boring av brønn 31/2-S-24 AY1H på Trollfeltet.


Songa Equinox er ei halvt nedsenkbar boreinnretning som vert operert av Songa Offshore. Riggen fekk samsvarsfråsegn (SUT) 20.11.2015

Trollfeltet ligg om lag 65 kilometer vest for Kollsnes i Hordaland og er det største gassfunnet som er gjort i Nordsjøen.

Samtykket er eit utvida samtykke til bruk av metoden Controlled Mud Level - tidlegare omtala som dual gradient (DGD). 

Forventa oppstart er i slutten av september 2017. Aktiviteten har ei forventa varigheit på 75 dagar.

Petroleumstilsynet har no gitt samtykke til bruk av Songa Equinox på Trollfeltet i samsvar med Statoil sin søknad.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12