Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Equinox

Statoil har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Equinox på Trollfeltet.


Samtykket gjeld bruk av Songa Equinox til boring, komplettering, brønnoverhaling, brønnintervensjon og tilbakeplugging (P&A) av brønn 31/2-Y-24 CYH XT.

Havdjupet på staden er 331 meter.

Boreoperasjonane startar etter planen i april, og er venta å vare 80 dagar.

Songa Equinox er ei halvt nedsenkbar boreinnretning som vert operert av Songa Offshore.

Riggen fekk samsvarsfråsegn (SUT) i november 2015.

Trollfeltet ligg om lag 65 kilometer vest for Kollsnes i Hordaland og er det største gassfunnet som er gjort i Nordsjøen.

Vi har no gitt samtykke til bruk av Songa Equinox på Trollfeltet i samsvar med Statoil sin søknad.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77