Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Endurance på Troll

Vi har gitt Equinor Energy AS (Equinor) utvida samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Endurance på Trollfeltet i Nordsjøen.


Equinor har samtykke til å bruke Songa Endurance til boring, komplettering, brønnoverhaling, brønnintervensjon og tilbakeplugging på Trollfeltet, men har no fått utvida samtykket til også å omfatta bruk av metoden Controlled Mud Level - tidlegare omtala som dual gradient (DGD).

Utvidinga av samtykket gjeld éin brønn. Forventa oppstart av boreaktivitetane er juni 2018.

Songa Endurance er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.

Songa Endurance fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i januar 2016.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77