Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Endurance

Statoil har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Endurance på Trollfeltet.


Samtykket gjeld bruk av Songa Endurance til boring, komplettering, brønnoverhaling, brønnintervensjon og tilbakeplugging (P&A) av brønn 31/2-X-11 CH.

Havdjupet på staden er 332 meter.

Boreoperasjonane startar etter planen i mars, og er venta å vare 43 dagar.

Songa Endurance er ei halvt nedsenkbar boreinnretning. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil 17. desember 2015.

Trollfeltet ligg om lag 65 kilometer vest for Kollsnes i Hordaland og er det største gassfunnet som er gjort i Nordsjøen.

Vi har no gitt samtykke til bruk av Songa Endurance på Trollfeltet i samsvar med Statoil sin søknad.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77