Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Endurance

Statoil Petroleum ASA (Statoil) har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Endurance for boring og komplettering av brønn 31/2-F-6 på Trollfeltet.


Planlagd borestart er medio oktober 2017.

Boreoperasjonen er venta å vare om lag 84 dagar.

Songa Endurance er ei halvt nedsenkbar boreinnretning. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil 17. desember 2015.

Trollfeltet ligg om lag 65 kilometer vest for Kollsnes i Hordaland og er det største gassfunnet som er gjort i Nordsjøen.

Vi har no gitt samtykke til bruk av Songa Endurance på Trollfeltet i samsvar med Statoil sin søknad.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77