Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Encourage på Tyrihansfeltet

Vi har gitt Equinor Energy as (Equinor) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Encourage på Tyrihansfeltet i utvinningsløyve 073 i Norskehavet.


Tyrihans ligg i Norskehavet, om lag 25 kilometer søraust for Åsgardfeltet. Havdjupna i området er 270 meter.

Feltet omfattar funna 6407/1-2 Tyrihans Sør, som blei påvist i 1983, og 6407/1-3 Tyrihans Nord, som blei påvist i 1984.

Samtykket gjeld boring, komplettering, brønnoverhaling, brønnintervensjon og tilbakeplugging med Songa Encourage.

Songa Encourage er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen GVA 4000, operert av Songa Offshore. Ho vart bygd ved Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg.

Songa Encourage fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i april 2016.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12