Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Enabler på Snøhvit

Statoil har fått samtykke til bruk av Songa Enabler til boring av tre brønnar på Snøhvit.


Snøhvit er eit gassfelt som ligg i Barentshavet nordvest for Hammerfest. Statoil er operatør for feltet. Snøhvit er bygt ut med undervass produksjonsanlegg. Gassen vert transportert til land gjennom ei 143 kilometer lang røyrleidning til Melkøya utanfor Hammerfest. Produksjonen på Snøhvit starta i 2007.

Gassen frå feltet inneheld CO2, som vert skild ut på Melkøya og send attende til feltet for reinjeksjon.

Statoil har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Enabler til å bore tre brønnar på feltet. To av desse er produksjonsbrønnar, medan den tredje skal reinjisera CO2. Brønnane har nemningane 7121/4 G-4 H, F-1 H og G-3 H. Brønnane borast i to brønnrammer, som har dei geografiske koordinatane:

  • 71o 39' 25,36" N  og  71o 36' 39,23" N
  • 21o 04' 09,09" A  og  21o 03' 24,46" A

Dei to brønnrammene ligg på høvesvis 316 og 318 meter havdjup.

Boringa er planlagd starta i slutten av juli 2016 og vil vare i til saman 220 dagar.

Songa Enabler er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL. Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12