Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Enabler på Snøhvit

Statoil har fått samtykke til bruk av Songa Enabler til boring av ein produksjonsbrønn på Snøhvit.


Snøhvit er eit gassfelt som ligg i Barentshavet nordvest for Hammerfest. Statoil er operatør for feltet. Snøhvit er bygt ut med undervass produksjonsanlegg. Gassen vert transportert til land gjennom ei 143 kilometer lang røyrleidning til Melkøya utanfor Hammerfest. Produksjonen på Snøhvit starta i 2007.

Statoil fekk 1.3.2016 samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Enabler til å bore tre brønnar på feltet.

Vi har no gitt Statoil samtykke til å bore ein fjerde brønn med den same innretninga. Brønnen skal borast i den same brønnramma som to av dei første brønnane, og som har dei geografiske koordinatane:

  • 71o 36' 39,23" N
  • 21o 03' 24,46" A

Brønnramma ligg på 318 meter havdjup.

Boringa er planlagd starta i midten av mars 2017 og vil vare i 65 dagar.

Songa Enabler er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL. Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12