Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Enabler på Skarvfeltet

Aker BP ASA har fått samtykke til bruk av Songa Enabler til brønnintervensjon på brønnane 6507/5-A-3, 6507/5-B-6 og 6507/5-B-8 på Skarvfeltet.


Skarvfeltet ligg i Norskehavet, om lag 200 kilometer vest for Sandnessjøen og havdjupna i området er 300-450 meter.

Planlagt oppstart er september 2017 med ei varigheit på om lag to månader.

Songa Enabler er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.

Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12