Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Enabler

Vi har gitt Equinor Energy (Equinor) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Enabler til produksjonsboring på Trestakkfeltet i Norskehavet.


Samtykket omfattar boring og komplettering av nye brønnar, brønnoverhaling og brønnintervensjon på Trestakkfeltet.

Boreoperasjonane startar hausten 2018 og varar om lag 350 dagar.

Songa Enabler er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.

Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.

Trestakkfeltet
Trestakk ligg i Norskehavet, 20 kilometer sør for Åsgard. Feltet er under utbygging, med Equinor som operatør. Produksjonen skal etter planen starta i 2019.

Utbyggingskonseptet omfatter en havbunnsramme med fire brønnslisser og en satellittbrønn, koblet til Åsgard A-innretningen for prosessering og gassinjeksjon.

Caroline Lagoutte, kommunikasjonsrådgiver;
E-post: Caroline.Lagoutte@ptil.no | 57 87 33 18