Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Enabler

Vi har gitt Eni Norge AS samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Enabler på Goliatfeltet.


Goliatfeltet ligg i utvinningsløyve 229 i blokk 7122/7 og 7122/10, om lag 85 kilometer nordvest for Hammerfest.

Boringa startar tidlegast i slutten av januar 2018. Aktiviteten er venta å vara i 116 dagar.

Songa Enabler er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.

Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77