Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Enabler

Vi har gitt Statoil Petroleum (Statoil) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Enabler på Snorrefeltet.


Samtykket omfattar bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Enabler til boring av ni grunne borehol (pilothol) på Snorrefeltet i blokk 34/4 og 34/7 Nordsjøen.

Målet med aktiviteten er å undersøka om det er grunn gass i havbotnen på planlagde lokasjonar for installering av brønnrammer i Snorre Expansion-prosjektet.

Boringa startar tidlegast midten av januar 2018. Aktiviteten er venta å vara i 25 dagar.

Songa Enabler er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.

Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.

Snorrefeltet og Snorre Expansion
Snorre er eit oljefelt som ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen. Havdjupna i området er 300-350 meter. Snorre A er ei flytande strekkstagplattform (TLP) for innkvartering, boring og prosessering i den sørlege delen av feltet. Produksjonen starta i 1992. Den halvt nedsenkbare Snorre B-innretninga er ei integrert bore-, prosess- og bustadinnretning på den nordlege delen av feltet. Plan for utbygging og drift (PUD) for Snorre B blei godkjend i 1998 og produksjonen starta i 2001.

Rettshavarane i Snorre har vurdert ulike konsept for vidareutvikling og auka utvinning frå feltet (Snorre Expansion Project). Plan for utbygging og drift (PUD) for Snorre Expansion-prosjektet skal etter planen leverast til styresmaktene i slutten av 2017.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77