Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Delta på Tune

Statoil har fått samtykke til bruk av Songa Delta til brønnplugging på Tune.


Tunefeltet er eit gass- og kondensatfelt i Nordsjøen, om lag 10 kilometer vest for Oseberg feltsenter. Statoil er operatør på feltet. Havdjupna på staden er om lag 95 meter. Feltet er bygt ut med ei bunnramme og ein satellittbrønn kopla til Oseberg. Produksjonen på Tune starta i 2002.

Statoil har fått samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Songa Delta til å plugge brønn 30/8-A-12 på feltet permanent. 

Aktiviteten vil starte i første del av september og er rekna å vare i 24 dagar.

Songa Delta vert operert av Songa Offshore. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i november 2012.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12