Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Songa Delta på Osebergfeltet

Statoil har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Songa Delta til boring og komplettering på Osebergfeltet.


Produksjonen på Osebergfeltet vart starta i desember 1988. Statoil, som er operatør for feltet, byggjer nå ut feltet Oseberg Delta 2. Utbygginga skjer ved hjelp av to undervassbrønnrammer som vert knytta til Oseberg feltsenter. Delta 2 ligg om lag 7 km vest for Oseberg feltsenter og 117 frå næraste land, som er Fedje i Hordaland.

Statoil har no fått samtykke til å ta i bruk den flyttbare boreinnretninga Songa Delta til å bore og komplettere sju brønnar frå desse brønnrammene. Boringa er planlagd å vare i om lag 19 månader.

Songa Delta vert operert av Songa Offshore. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i november 2012.

 

 

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77