Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Scarabeo 5 på Snorrefeltet

Ptil har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 5 til brønnintervensjon i brønn 34/7-A-10 H på Snorrefeltet.


Snorre er eit oljefelt som ligg i Tampenområdet i Nordsjøen, om lag 150 kilometer vest for Florø. Feltet er bygt ut med to flytande integrerte innretningar, Snorre A og B, og ei undervassbrønnramme knytt til Snorre A. Produksjonen på Snorre starta i 1992.

Havdjupna på staden er 335 meter. Aktiviteten er planlagd å starte i september og vare i 22 dagar.

Scarabeo 5 er ei halvt nedsenkbar boreinnretning, bygd ved Fincantieri i Genova i 1990. Ho er registrert på Bahamas og har klasse i Rina/ABS. Scarabeo 5 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2003.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77