Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Scarabeo 5 på Snorre

Statoil har fått samtykke til bruk av Scarabeo 5 til vedlikehald av produksjonsbrønn på Snorrefeltet.


Snorre er eit oljefelt som ligg i Tampenområdet i Nordsjøen, om lag 150 kilometer vest for Florø. Feltet er bygt ut med to flytande integrerte innretningar, Snorre A og B, og ei undervassbrønnramme knytt til Snorre A. Produksjonen på Snorre starta i 1992.

Statoil har fått samtykke frå Ptil til å bruke den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 5 til vedlikehald av brønn 34/7-A8 HT. Brønnen har vore stengd ei tid, og føremålet med aktiviteten er å gjere utbetringer i brønnen med sikte på å sette han i produksjon att.

Havdjupna på staden er 335 meter. Aktiviteten er planlagd å starte tidlegast i byrjinga av august og vare i 22 dagar.

Scarabeo 5 er ei halvt nedsenkbar boreinnretning, bygd ved Fincantieri i Genova i 1990. Ho er registrert på Bahamas og har klasse i Rina/ABS. Scarabeo 5 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2003.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12