Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Scarabeo 5 på Snøhvitfeltet

Ptil har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 5 for boring og komplettering av brønn 7121/4-G-4 H.


Scarabeo 5 er ei flyttbar boreinnretning av typen ME 4500 som vart levert frå Fincantieri Shipyards i Genova, Italia i 1990. Ho vert operert av Saipem Norwegian Branch (Saipem). Innretninga er registrert på Bahamas og har klasse i ABS.

Scarabeo 5 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2003.

Snøhvit ligg i Barentshavet i den sentrale delen av Hammerfestbassenget, på 310 til 340 meter havdjup. Snøhvit er eit gassfelt med kondensat og ei underliggande tynn oljesone. Snøhvit Unit omfattar Snøhvit-, Albatross- og Askeladd-strukturane. Godkjent PUD for gassressursane inkluderer havbotnrammer for 19 produksjonsbrønnar og ein injeksjonsbrønn for CO2.

Petroleumstilsynet har no gitt samtykke til bruk av Scarabeo 5 på Snøhvitfeltet i samsvar med Statoil sin søknad.

 

For pressehenvendelser, send e-post eller ring vårt sentralbord
E-post: presse@ptil.no | 51 87 32 00